Skrekkveldet i Iran
Iran – eller Den islamske republikken Iran, som dei har kalla seg i over 40 år – er styrt av eit ufyseleg regime. Døma på elendet er endelause. Kvar skal ein starta? Regimet har drive med systematisk undertrykking og vald mot folket sitt sidan Khomeini tok makta etter revolusjonen i 1979.
Å lesa Amnestys årlege rapportar frå Iran er som ein skrekkroman med henging, pisking og amputasjonar. Opponerer ein mot styresmaktene, vert ein fengsla, og tortur er utbreidd. Frå 1. januar til 30. juni i år vart så mange som 251 dømde til døden og avretta. Grunnane er langt frå berre alvorlege drapssaker – også mindre narkotikabrotsverk eller det å opponere mot regimet eller syne fiendtleg innstilling til Gud kan medføre dødsstraff.
Eit fysisk symbol på den brutale galskapen i landet er Evin-fengselet utanfor Teheran, ved foten av Alborzfjella. Der har politiske fangar sete i årevis. Videoar som ligg på nettet, tekne opp i løynd, syner vald mot innsette og dei umenneskelege tilhøva fangane lever i.
Og så har du den religiøse fanatismen oppmuntra av dei mange mullaane i landet, med moralpoliti og ein offisiell dag «for hijab og sedeleg livsførsel». Det er knapt til å tru, men dette «politiet» har i tiår etter tiår hersa med kvinner som ikkje har hatt på seg hijaben på rett måte, eller som har gått med for tettsitjande klede. Dette skjer altså i eit av våre eldste kulturland.
Eit lite håp er no tent med dei mange demonstrasjonane i landet. Modige iranarar risikerer liv og helse for å verta kvitt åket med dei fundamentalistiske leiarane. Det vi no er vitne til, synest å vera det mest omfattande opprøret sidan revolusjonen.
Det som starta som ein spontan demonstrasjon, har utvida seg til eit krav om regimeendring. Måtte dei få gjennomslag og støtte frå fleirtalet i folket. Demonstrantane er soleklare kandidatar til Nobels fredspris neste år.
Svein Gjerdåker
Vi skriv ikkje noko om statsbudsjettet denne veka, sidan det vart offentleggjort rett før Dag og Tid gjekk i trykken.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.
Foto: Filmweb.no
Det andre blikket
Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.
Tormod Haugland, frå Radøy i Hordaland, forfattardebuterte som 32-åring og har sidan gitt ut ei lang rekke romanar, noveller, dikt og dramatikk.
Foto: Helge Skodvin
Livets dropar
Hauglands fabel pendlar mellom draum og røynd.
«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.
Foto: Heiko Junge / NTB
Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?
Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.
Krig og psyke
Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.
Teikning: May Linn Clement
Ikkje til stades
«Kva er det han tråkker sånn for? Tenker folk. Skal han på besøk, eller hente noko? Nei, som vanleg skal han berre opp og snu.»