Skjerm elevar mot skjermane

Publisert

Ein ny studie syner på nytt at vi må ta på alvor dei uheldige sidene som dagens storstilte vektlegging av digital undervising i skulen har på elevane. Denne veka kunne Forsking.no fortelja om ein studie ved NTNU som syner at hjernen hjå born og unge er meir aktiv når dei skriv for hand enn når dei bruker tastatur.

Grunnen er at når ein skriv for hand, ser ein bokstavane ein lagar, og sansar vert aktiverte. Dette skapar «kontakt mellom ulike deler i hjernen og åpner den opp for læring». På den måten, hevdar studien, «både lærer vi bedre og husker bedre». Kvinna bak studien, professor i nevropsykologi Audrey van der Meer, legg difor vekt på at born i tidleg alder må verta utfordra til både å teikna og skriva meir for hand i skulen.

Det siste ser vi lite av. Den digitale undervisinga berre aukar i den norske skulen. Ifylgje Forsking.no, er norske born mest på nett blant 19 land i EU, og det er fleire norske skular i dag som er heildigitale og ikkje lærer borna handskrift.

Det er forska lite på vinsten av den digitale undervisinga i skulen. Som forskar i fagdidaktikk Gunvald Skeiseid sa til Dag og Tid for eit knapt år sidan, «verkar det som om planane for digitaliseringa av skulen er bygde mest på tru og von».

Satsinga på digitale læremiddel i skulen er diverre altfor lite diskutert. Det verkar som om vi alle er vortne så avhengige av smarttelefonen og digital lesing at vi ikkje ser kva urett vi kanskje gjer mot dagens skuleelevar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement