JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Skitt fiske
etter søppel

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2152
20190705
2152
20190705

«Fishing for litter» er ein relativt breitt omtala, statsstøtta miljøkampanje der fiskarar samlar plast og anna avfall frå fangstreiskapen og tek med til lands. Men den offentlege støtta er avgrensa til at fiskarane slepp å betala for få levera søppelet dei hentar or havet – til berre ni godkjende mottaksstader i landet.

Trass i desse vilkåra, må ein vel seia, snarare enn på grunn av dei, sanka fiskarane i fjor 175 tonn marint avfall. Det er ein svær haug på land, men det er eit piss i havet, der det kvart år blir kasta 80 millionar tonn plast åleine, seiest det.

For 2019 er «Fishing for litter» tildelt fattige to millionar kroner frå Miljødirektoratet. Det skal dekkja drift, administrasjon, avfallshandsaming, innsamling og analyse av søppelet. Diverre blir det ikkje fleire godkjende mottaksstader av ein slik sum.

Fleire har difor teke til orde for at fiskarane (og andre) burde få noko att for å levera inn denne plasten, som dei trass i alt har brukt tid, rom (ein særs avgrensa ressurs om bord i eit fiskefartøy på felt) attåt energi og arbeidskraft for å få på land.

Fredrikstad Høgre går noko lenger og ivrar for eit prøveprosjekt der òg hushald kan få pant, til dømes i form av redusert renovasjonsavgift, for å levera inn også hushaldsplast. Og kvifor ikkje, i verdas rikaste og kan hende mest plastøydande land? Det står ikkje på pengar, lèt det til, men på prinsipp:

«Regjeringen støtter ikke et slikt forslag. Til dels vil det kunne være i strid med det grunnleggende prinsippet om at forurenser skal betale. En belønningsordning vil dessuten være svært kostnadskrevende og kan undergrave den frivillige innsatsen. Det er i tillegg vanskelig å forebygge misbruk av en slik ordning da det ved innlevering er vanskelig å vurdere hvor avfall kommer fra», heiter det i Stortingsmelding 45.

Dette er ei underleg grunngjeving om det no er sant at plasten er i ferd med å fortrengja fisken frå havet, og at regjeringa vil gjera noko med det. Kvifor ikkje heller sjå havplasten som den ressursen han bør vera ­– så me kan følgja vanen og instinktet vårt for å driva rovdrift på han på industrielt vis?

Johan Brox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis