Valet på måndag gav Noreg eit djupblått storting: Høgre og Framstegspartiet fekk til saman 43 prosent av røystene. Det liknar ei ny høgrebølgje, men det er ikkje gjeve at endringa stikk djupt. Valvinnar Høgre freda sjukeløna og snakka meir om sjukehus enn om skattelette i valkampen. Ingen parti vil bruke meir på helse og eldreomsorg enn Frp. Du vinn ikkje val i Noreg ved å gå til åtak på velferdsstaten.
I valkampen prøvde Arbeidarpartiet å gjere stabilitet og keisemd til ein dyd. «Mitt mål er å styre landet på en så uspennende måte at folk kan leve spennende liv», sa Jens Stoltenberg i landsmøtetalen sin i vår. Dei raudgrøne viste til at Noreg har veksande velstand og høg sysselsetjing medan resten av Europa er i krise.
Det er i seg sjølv sant nok, men det er like fullt vanskeleg å vinne val i Noreg ved å love meir av det same. Valresultatet kan godt vere eit utslag av åtte års slitasje. Normalt er norske veljarar leie av ei regjering etter fire år, så at dei raudgrøne vann to stortingsval på rad, var i seg sjølv overraskande. Vi er eit folk som fort blir misnøgde, vi stiller store krav og vil alltid at ting skal bli betre. Og no vil eit klart fleirtal i Noreg prøve noko nytt, folk vil ha nye fjes og nye løysingar, men framleis innanfor ei sosialdemokratisk ramme.
Men om det stemmer at likskapsideala framleis står sterkt i Noreg, og om folk ønskjer ein stor grad av om--fordeling og utjamning, kan den norske misnøya fort vende seg mot den neste regjeringa. Skattepolitikken til dei borgarlege partia vil føre til større skilnader. Å fjerne formuesskatten gjer dei rike enda rikare. Å heve innslagspunktet for toppskatten gjer den mette middelklassen enda mettare. Å fjerne arveavgifta gjer at enda meir av dei økonomiske skilnadene vil gå i arv mellom generasjonar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.