Skattlegg Google

Publisert

Denne veka problematiserer Dag og Tid korleis globale selskap som Google, Facebook, Amazon og Airbnb tener store pengar i Noreg og andre land, men knapt skattar til dei same landa. Desse selskapa slusar ut inntektene til skatteparadis eller lågskattland som Nederland og Irland.

EU og OECD arbeider med få til ei meir rettferdig skattlegging av dei internasjonale digitale selskapa. Eit framlegg frå OECD er venta i 2020. Men det er høgst usikkert om ein kjem fram til semje, her er det mange kryssande interesser, jamvel i norsk samanheng.

Skulle Noreg skattleggja Google og Amazon, er det i strid med rådande reglar om at ein berre kan skattleggja selskap som har kontor i og er fysisk til stades i eit land. Ein slik ny skatt kan såleis slå tilbake på norske selskap som opererer internasjonalt, som reiarselskapa eller eksportørar av norsk gass. Då kan ein oppleva at dei totale skatteinntektene til Noreg likevel vil gå ned, sjølv om skatteinntektene frå dei internasjonale digitale selskapa går opp.

Dette er avvegingar ein sjølvsagt må gjera, men det kan i alle høve ikkje halda fram som i dag. Det er urettvist at mediebransjen og hotellnæringa skal måtta oppleva store tap og ulike konkurransevilkår fordi skattereglane ikkje er tilpassa samtida. Og det er berre snakk om tid før mange andre bransjar vil stå overfor dei same problema, som forsikrings- og banknæringa.

Difor hastar det med å finna ordningar som kan bøta på dette og endra dagens utdaterte skattereglar i møte med den digitale økonomien. Til dømes har Frankrike i år på eige initiativ innført skatt for internasjonale digitalselskap. Etter inspirasjon frå Frankrike bør regjeringa, i påvente av det som skjer i EU og OECD, greia ut kva handlingsrom vi har, og kva konsekvensar det vil få om Noreg innfører eigne skattereglar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement