Sjuke kalkunar og slapt mattilsyn
Dag og Tid er oppteken av godt dyrevelferd i landbruket. Utviklinga mot større og større einingar og auka krav til produktivitet utfordrar heile tida høvet bøndene har til å ta godt vare på dyra. Særleg ser vi dette innanfor fjørfe–?og svineproduksjonen.
Denne veka skreiv Nationen at mattilsynet har meldt frå om at norske kalkunar har store helseproblem. Det er ikkje rart, for kalkunoppdrett er vanskeleg å tena pengar på om ein skal leggja vekt på dyrevelferd.
For kalkunen er stor og lever lenger enn til dømes kyllingar. Dei får ofte luftsekkproblem, brystblemmer og skadar på brystet av di dei er framtunge. Dei vert lett halte på grunn av leddproblem og tåputeskadar. I ein kontroll hadde sju av ti alvorlege fotskadar.
På grunn av alle skadane føreslår Mattilsynet visse tiltak «på områdene klima, lys, miljøberikelse og dyretetthet» og skal koma tilbake «med konkrete regelverksanbefalinger».
Justering av reglane vil kanskje få ned skadeomfanget noko, men får gjort lite med sjølve hovudproblemet: den industrielle produksjonen. Oppdrett av kalkun i store hallar der kalkunane lever tett, kan aldri bli bra.
Det burde mattilsynet ha påpeika og ikkje gått med på det underliggjande premissen om at næringa kan koma unna med visse tilpassingar. Mattilsynet er i det heile altfor lite kritiske. Til dømes burde dei aldri ha godteke at industrikalkunane vert ala fram slik at dei er for store og tunge til å para seg naturleg og difor må inseminerast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.