Set liv i fare for å spara

Publisert

Krisa for luftambulansetenesta i Nord-Noreg kunne vore unngått. For det fyrste var dei fleste nøgde med drifta av tenesta som selskapet Lufttransport stod for fram til det svenske selskapet Babcock overtok drifta.

Det var såleis ingenting ved kvaliteten på tenestene som gjorde at Lufttransport måtte skiftast ut til fordel for det svenske selskapet. På kvalitet hamna Babcock på fjerdeplass i anbodskonkurransen – bak Lufttransport – med færre reservefly og pilotar enn Lufttransport.

Det var prisen på tenestene som var grunnen til skiftet. Tilbodet frå Babcock var rimelegare enn tilbodet frå Lufttransport. Og sjølv om pris berre skulle telja 40 prosent og kvalitet 60 prosent, var prisen Babcock tilbaud så mykje lågare at dei fekk kontrakten.

Det er forståeleg at regjeringa ønskjer mest mogeleg velferd til lågast mogeleg pris. Slik må vi tenkja om vi skal forvalta og driva norsk helsepolitikk økonomisk forsvarleg.

Men det er visse tenester ein ikkje kan eksperimentera med. Livsviktig infrastruktur som luftambulansetransport over lange avstandar er ei slik teneste. Då må kvalitet versus økonomi vektast mykje høgare enn 60–40.

Regjeringa kan ikkje noko for at flya har tekniske feil, men alle veit at nye prosjekt og nye operatørar har oppstartsproblem og treng lang innkøyringsfase. Det gjeld anten ein skal driva jarnbane eller luftambulanseteneste.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement