Det siste utspelet i sentraliseringsiveren som rir landet vårt for tida, er utspelet til domstolskommisjonen om å redusera talet på tingrettar frå 60 til 22. Framlegget fylgjer opp dei siste åra med sentraliseringa av politiet, Nav, skattekontor, fødestover, sjukehus, rehabiliteringssenter, gamle høgskular og så bortetter – alt toppa av kommune- og regionreforma med Viken som det verste dømet.
Mykje av dette er motivert ut frå trua på at store einingar er mykje betre og billegare enn små. Resultatet er at distrikta får stadig færre arbeidsplassar knytte til statlege verksemder av ulikt slag.
Statistisk sentralbyrå (SSB) har laga eit kartverkty der kvar og ein kan gå inn på kommunen sin og sjå prognosar for folketalsutviklinga og alderssamansetjinga kommune for kommune dei neste 20 åra. Oppsummeringa til SSB er tydeleg: Dei unge flyttar mot byen, og dei eldre vert att på bygda.
I 2040 vil meir enn kvar tredje innbyggjar i ein del distriktskommunar ha passert 70 år. Noko må skje for å berga desse kommunane i framtida, og det er ikkje nok å satsa på hyttefolk i helgene.
Men å snu sentraliseringa er ikkje lett. Ein må både motverka ein global sentraliseringstrend og snu ei langvarig historisk utvikling. Men skal ein ha von om iallfall å kunna bremsa sentraliseringa, må ein heile tida koma opp med konkrete tiltak og samstundes gå bort frå tankegangen om at størst alltid er best og billegast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.