Scooterbråk

Publisert Sist oppdatert

Regjeringa vil utvida forsøksordninga som gjev kommunane høve til å etablera snøscooterløyper for såkalla «fornøyelseskjøring». No vil regjeringa at alle dei over hundre kommunane som har søkt om det, skal få kunna vera med i prøveordninga. Det er eit trist nyhende for alle fjellfolk. Og «fornøyelseskjøring», kva er det for noko? Berre ordet burde fått Miljøverndepartementet til å tenkja seg om ein gong til.

Departementet vil at dei einskilde kommunane skal ta omsyn til støy og andre ulemper for friluftsliv, naturmangfald, bustad og hytteområde, kulturminne og kulturmiljø.

Kommunane greier nok å ta omsyn til kulturminne og kulturmiljø, men at ein ved scooterkøyring òg skal kunna ta omsyn til «støy og andre ulemper for friluftsliv», er ei motseiing i seg sjølv. Ein går på ski i fjellet for å oppleva ro og fred – det er stort sett uforeinleg med snøscooterar.

Så kan ein seia at fjellområda i Noreg er store, og det må vera plass til begge delar. Kanskje, men snøscooterar dominerer store område når dei fyrst er i fjellet – ikkje berre sjølve scooterløypa. Og hyttebygginga breier om seg og påverkar fleire og fleire populære skiområde.

Men er ikkje dette noko kommunane sjølve bør avgjera? Er ikkje dette eit ansvarsområde for lokaldemokratiet? Til ein viss grad. Men då må det fyrst lagast klare og tydelege nasjonale rammer. Ikkje slik som no når Miljøverndepartementet nyttar forsøkslova for eit større fri-slepp. Å reversera slike nye ordningar, sjølv om det er ei prøveordning, er svært vanskeleg. Har ein fyrst opna opp for nye ordningar, har dei ein tendens til å verta varige.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement