Regjeringa, Venstre og KrF vil nytta 1 billion kroner på samferdsle fram til 2029. Kva pengane konkret skal gå til, vil verta avgjort til påske. Men som ein del av den tidlege valkampen, kjem det no kvar veke avsløringar om prosjekt som regjeringa ynskjer å gjennomføra.
Men det er ikkje berre regjeringa som er ambisiøs. Frå pressgrupper i byar og bygder kjem det stadig fleire krav om nye vegar. Korleis dei skal finansiera prosjekta, vert det derimot sagt lite om. Ei massiv satsing på 1000 milliardar over tolv år vil iallfall måtta gå ut over andre ting. For alt no nyttar vi årleg over 250 oljemilliardar for at statsbudsjettet skal gå i hop.
Ifylgje statsminister Erna Solberg skal den store satsinga bidra til meir effektiv transport, verdiskaping og ei meir klimavenleg framtid. Det siste skal ein ikkje vera så sikker på.
Ei massiv utbygging av norske vegar, flyplassar og jarnbanar vil sjølvsagt føra til ein stor vekst i transporten, noko som fort vil vega opp spart energibruk på betre vegar og jarnbanar. Dessutan vil utbyggingane i seg sjølv ha store klimakostnadar.
At nye vegar fører til auka bruk, ser ein tydeleg når ein køyrer E6 nordover frå Oslo mot Hamar og dei store hytteområda på Sjusjøen og Hafjell. Etter at det enorme firefeltsveganlegget langs Mjøsa kom, kan ein no køyra mykje raskare til fjells enn før. Hyttebygginga har såleis vakse dramatisk.
I relatiteten treng ein dette veganlegget berre nokre timar på ettermiddagane fredag og sundag, for at kolonnane med bilar skal få folk effektivt til hytta. Til all annan bruk hadde ein klart seg med eit mykje mindre anlegg. I praksis subsidierer denne motorvegen pengesterke hyttefolk i Oslo.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.