Så var ikkje regjeringsspørsmålet til hausten opplagt likevel.
Framstegspartiet går tilbake på meinings-målingane og må tydeleggjera eigen politikk.
Difor går Siv Jensen ut denne veka og fortel at om Frp hamnar i regjering, vil dei sjølvsagt ha gjennomslag for dei store sakene sine, som skattelette, strengare innvandringspolitikk og meir bruk av oljepengar. Dei vil ikkje gå i SV-fella.
Erna Solberg-lina, som går ut på å tona ned all usemje: «Høgre – partiet for alle», for å sitera John Peter Collett her i Dag og Tid, og satsa på generell tillit og at folk er regjeringstrøytte, er øydeleggjande for Frp. Frp må ha tydelege frontar for å skapa merksemd, det ligg i sjølve ryggmergen til partiet.
KrF og Venstre har visst lenge at Frp ikkje vil støtta ei borgarleg regjering som dei sjølve ikkje er med i. Og dei har vride seg i motvilje ved tanken på å regjera med Frp. Difor syter begge partileiarane for å fortelja at dei godt kan samarbeida med både Ap og Sp om statsbudsjetta om Frp skulle gjera seg vanskelege.
Utspela fortel oss to ting. Det er eit salig uavklart rot på borgarleg side. Og at Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre, KrF og Høgre godt kunne ha sete i ein eller annan regjeringskonstellasjon saman. Det er meir historia enn politikken som måtte hindra det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.