Den russiske minnemakeringa på Den raude plassen 9. april for kommunist-Sovjets siger over Nazi-Tyskland var ei skremmande tilskiping. Det var den største militærparaden nokosinne i sovjetisk og russisk historie med ei massiv framsyning av tanks, rakettar, fly og soldatar.
Markeringa var ei trist påminning om at Russland og Vesten på nytt har hamna i ein kaldkrig-liknande situasjon. Den gigantiske militærparaden var sjølvsagt meint å syna russisk styrke og indre samhald, og samstundes å åtvara Vesten om at Russland ikkje lèt seg styra på nokon måte.
På tribunen, saman med Putin, stod ikkje dei allierte i krigen mot Nazi-Tyskland, men Kinas president og statsleiarar frå India, Egypt, Sør-Afrika, Cuba, Venezuela. Statsleiarar frå Noreg og Vesten heldt seg klokeleg unna. Russlands Ukraina-politikk gjer det umogeleg for europeiske land å ta del i ei slik militær markering.
Forfattaren Andrej Kurkov frå Ukraina, som skriv fast for Dag og Tid, fortel i dagens utgåve «korleis Sigersdagen vart til dagen for framtidsfrykt». Og det er nettopp denne framtidsfrykta vi må gjera alt for å mot-arbeida skal få festa seg. Difor er russlandspolitikken vår så viktig i desse dagar.
Som Helge Ole Bergesen og Pål Kolstø skriv i dagens avis, må vi skilja mellom «Russland» og «russarar». Så når kontakten på statsnivå er problematisk, må vi kompensera dette ved å utvida den upolitiske kontakten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.