Russlands tragiske krig i Ukraina er eit gigantisk feilsteg av Russland. Ikkje minst vil den økonomiske kostnaden for Russland verta enorm.
Kan eit tettare økonomisk samkvem med Kina verta den økonomiske berginga til Russland på sikt? Tvilsamt. Dei har eit autoritært styresett felles. Men den kinesiske økonomien har den største marknaden sin i USA og Europa, og ei for sterk støtte til Russlands krig vil over tid kunna øydeleggja for ei vidare utvikling av den kinesiske økonomien.
Særleg USA under Trump, men også i sterkare grad EU, har dei siste åra sett med større og større skepsis på Kinas økonomiske maktposisjon. Ei langvarig kinesisk støtte til Russland og ein eventuell okkupasjon av ukrainske landområde vil berre forsterka denne skepsisen og framskunda ei dreiing av den vestlege handelen mot andre land.
Dessutan er Kinas økonomi så mykje større enn Russlands. Som vi siterer økonomen Paul Krugman på i denne avisa, vil Russland i eit tett samarbeid med Kina fort enda som ein rein klientstat – trass i Russlands enorme olje- og gassressursar.
Og sjølv om Russland og Kina prøver å stå fram som vener i tett partnarskap, høgtideleg markert under OL, vil dette samarbeidet ikkje vera like lett å få til i praksis. Russarane har ein kulturell skepsis til kinesarane – og ei sterk uro for Kinas geopolitiske ambisjonar.
Ukraina-krigen er eit tidsskilje i europeisk historie. I Vest-Europa er det Tyskland som vil merka dette mest. Ikkje minst i forsvars- og energipolitikken, med ei storsatsing på forsvaret og for å gjera seg mindre avhengig av russisk gass.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.