Russisk bombing over Ukraina

Publisert Sist oppdatert

«Orsak, eg hadde planar om å senda teksten tidlegare i dag, men vi har hatt tre varsel om luftåtak sidan morgontimane, og nokre ekle eksplosjonar rundt heile Kyiv.» Meldinga er frå Andrej Kurkov, forfattaren som skriv om Ukraina-krigen for Dag og Tid, og som gjer at vi får ei unik innsikt i korleis livet er i det krigsherja landet.

Som vi skjønar av meldinga til Kurkov denne veka, er situasjonen vanskeleg. Flyalarmen i Kyiv hadde starta litt før klokka 6 om morgonen tysdag. Gjennom dagen opplevde byen ti rakettnedslag.

Som i fjor vinter driv Russland og bombar over store delar av landet for å gjera livet verst mogeleg for sivilbefolkninga og bryta ned viljen deira til å halda fram krigen. Fleire bustadbygg i Kyiv vart skadde etter den russiske bombinga tysdag.

Dei mange rakettnedslaga er eit klart døme på at fleire russiske rakettar enn tidlegare klarer å trengja gjennom det ukrainske luftforsvaret. Ifylgje ukrainske styresmakter sende Russland tysdag 41 rakettar inn over landet. 20 av dei klarte ikkje ukrainarane å skyta ned. Seks menneske vart drepne og 70 skadde denne tysdagen i Ukraina.

Det vert no ymta om at Ukraina er i ferd med å gå tom for luftvern. Det er i så tilfelle katastrofalt for sivilbefolkninga. Det gode luftvernet til no har nettopp gjort at mange har vorte verande i landet trass krigen, også som interne flyktningar. At dei vert verande, er avgjerande for at Ukraina skal ha sjanse til å stå imot den russiske invasjonen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement