Russetull

Dei ansvarlege har svikta lenge.

Publisert Sist oppdatert

I årevis har politikarar og altfor mange rektorar og skuleleiarar gjort lite og ingenting for å få bort den vulgære russefeiringa som heimsøkjer oss år etter år.

Når ein 16-åring byrjar på vidaregåande skule, må ein forventa at politikarane og skulane har organisert og lagt opp til eit skulemiljø som etter beste evne inkluderer alle elevane, og som legg til rette for tre gode skuleår. Men nei, her har dei ansvarlege svikta lenge.

Brått kan det likevel sjå ut som om noko endeleg skjer. Ein russebuss med ei pornografisk teikning, som eigenleg berre er tydeleggjering av ei feiring som har vore på villspor lenge, synest å få politisk verknad.

Tilfeldig eller ei: Statsminister Jonas Gahr Støre har no denne veka gjeve instruks til tre statsrådar om at det skal setjast i verk tiltak mot dagens russefeiring.

Til VG seier Støre at regjeringa vil flytta russetida til etter eksamen, og at det skal lagast ein nasjonal strategi for «en ny og mer inkluderende russefeiring». Bra, om enn årevis på etterskot.

Russetida vert i dag planlagd av mange elevar alt medan dei går i 1. og 2. klasse på vidaregåande. Ofte med gruppepress og ekskludering som resultat. Alt sausa saman med store kommersielle interesser.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement