Leiar
Rusreforma
Det burde vore sjølvsagt, men det er viktig at reforma held fast ved at narkotika skal vera forbode.
10. april i år la justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen og helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre fram del 2 av rusreforma.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Arbeidarpartiet, SV, Venstre og Høgre vart samde om ei ny rusreform denne veka. Det er viktig at reforma har eit stort fleirtal bak seg. Det gjer ho meir kraftfull og aukar sjansen for at reforma vil slå ut positivt.
Reforma vil gje rusmisbrukarar eit lettare liv. No skal politiet lata vera å beslagleggja mindre mengder narkotika til eige bruk. Slitne misbrukarar slepp såleis å bruka dagen på å skaffa seg ny narkotika. Dette handlar om respekt for menneske som vi må sjå på som sjuke, og som må hjelpast til eit meir verdig liv.
Det burde vore sjølvsagt, men det er òg viktig at reforma held fast på at narkotika framleis skal vera forbode. Eit forbod er førebyggjande og aukar terskelen for at ungdom tek til med stoffmisbruk.
Utfordringa er at reforma føreslår at dei over 18 år som vert tekne med små mengder narkotika, skal få forenkla førelegg med låg bøtesats. Og at dei under 18 år ikkje skal få straff i det heile, men visast til «rådgivende enhet for russaker».
For dei under 18 er framlegget avhengig av korleis denne «rådgivende enheten» vert praktisert. For oppmøtet i denne «enheten» bør ha eit tydeleg element av ubehag og straff. Og sjølvsagt må «enheten» ha ressursar til å fylgja opp den einskilde. Dessutan bør dette tiltaket inkludera ungdom opp til 20 år – som er grensa for kjøp av brennevin.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.