JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Rotvær i Rogaland

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2062
20210625
2062
20210625

Borgøya i Skjoldfjorden står frå neste veke av utan rutesamband med fastlandet og resten av Tysvær, kommunen med Europas største prosessanlegg av sitt slag, Kårstø, og ein spareplan som ikkje rekk til å driva den 49 fots skyssbåten MS «Rotvær». Siste avgang er difor 30. juni klokka 22.00.

Tidlegare spleisa kommunen med Rogaland, oljefylket vårt, som heller ikkje har meir enn til (maldon)salt i maten og difor skar ned driftstilskotet til denne ruta. Slik fylkeskommunal ansvarsfråskriving provoserte Tysvær kommune til å gjera likeins, og no er altså den raude skyssbåten lagd ut for sal. Meir om det i reportasjen på side 14–16.

Det står om ein heil million kroner året, må vita, midlar som Haugaland Skyssbåt AS treng for å gje eit lite samfunn med fastbuande, heimekontoristar, pensjonistar og feriefolk eit offentleg transporttilbod, og med det halda oppe næringsliv og livsmot på øya.

Førre veke fekk fylkespolitikarane kalde føter og la ein halv million på bordet for å sikra drift i det minste ut året, men skyssbåtselskapet takka nei, som rimeleg kan vera. Dei vil ikkje driva frå hand til munn, for slik kan ingen driva ei skikkeleg skyssteneste, og slett ikkje eit samfunn.

Rituelle framlegg om rutekutt er sjølvoppfyllande profetiar. Stadige trugsmål dempar investerings- og etableringslysten – til dess dei uheldige øy- og lokalsamfunna ein dag er utarma nok til at budsjettkutta er rasjonelle og kan realiserast utan mykje skrik og skrål.

Sauda, til dømes, er inga lita øy, men ein vel etablert industristad inst i eit fjordsystem som best (og stundom berre) kan trafikkerast med hurtigbåt. Fylkeskommunen har framleis ikkje lukkast heilt med å leggja ned båtruta inn i dette avholet. Men dei har gjort det dei kunne, det skal fylkespolitikarane i Rogaland ha.

Såleis har dei høveleg kalla den fylkeskommunale mobilitetsleverandøren opp etter «oppdagaren som ikkje visste kvar han skulle då han reiste, som ikkje ante kvar han var då han kom fram, og ikkje visste kvar han hadde vore då han kom attende» – Kolumbus.

Johan Brox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis