Respekt for andre synspunkt
Eit godt demokrati treng eit fritt ordskifte med respekt for ulike synspunkt og livssyn. Ikkje minst må dette gjelda i spørsmål om abort, fosterdiagnostikk og dei mange alternativa som ny teknologi gjev i måten vi kan få barn på.
Abortspørsmålet vart ikkje endeleg avgjort i 1975. Det må opp til ny drøfting heile tida i takt med den teknologiske utviklinga. Noko anna ville vera uansvarleg. I så måte treng vi KrF som eit korrektiv i debatten, og som utfordrar majoriteten i viktige etiske spørsmål.
Slik KrF-partileiinga er samansett i dag, representerer ho ikkje reaksjonære mørkemenn. I norsk politikk graviterer alle partia no mot midten. I dag er kan hende KrF like liberalt som SV-representanten Otto Hauglin var i 1970-åra, eller Berge Furre i 1990-åra. Partia blir stadig meir like kvarandre, i etiske spørsmål òg.
Likevel vert ofte kritikken frå det dominerande fleirtalet ufin andsynes mindretalet. At somme kallar Kjell Ingolf Ropstad for mørkemann, er utriveleg å lesa. Dei alternative synspunkta Ropstad representerer i abort- eller homofilispørsmålet, må vi kunna respektera.
Med tanke på Ropstads bakgrunn frå eit miljø som set læresetningar i Bibelen høgt, må ein kunna seia at han har eit relativt liberalt syn på homofili. Mange kristne miljø er knapt til å kjenna att i dette spørsmålet om ein berre går 15–20 år attende i tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.