JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Respekt for
andre synspunkt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1856
20190201
1856
20190201

Eit godt demokrati treng eit fritt ordskifte med respekt for ulike synspunkt og livssyn. Ikkje minst må dette gjelda i spørsmål om abort, fosterdiagnostikk og dei mange alternativa som ny teknologi gjev i måten vi kan få barn på.

Abortspørsmålet vart ikkje endeleg avgjort i 1975. Det må opp til ny drøfting heile tida i takt med den teknologiske utviklinga. Noko anna ville vera uansvarleg. I så måte treng vi KrF som eit korrektiv i debatten, og som utfordrar majoriteten i viktige etiske spørsmål.

Slik KrF-partileiinga er samansett i dag, representerer ho ikkje reaksjonære mørkemenn. I norsk politikk graviterer alle partia no mot midten. I dag er kan hende KrF like liberalt som SV-representanten Otto Hauglin var i 1970-åra, eller Berge Furre i 1990-åra. Partia blir stadig meir like kvarandre, i etiske spørsmål òg.

Likevel vert ofte kritikken frå det dominerande fleirtalet ufin andsynes mindretalet. At somme kallar Kjell Ingolf Ropstad for mørkemann, er utriveleg å lesa. Dei alternative synspunkta Ropstad representerer i abort- eller homofilispørsmålet, må vi kunna respektera.

Med tanke på Ropstads bakgrunn frå eit miljø som set læresetningar i Bibelen høgt, må ein kunna seia at han har eit relativt liberalt syn på homofili. Mange kristne miljø er knapt til å kjenna att i dette spørsmålet om ein berre går 15–20 år attende i tid.

Homokampen har vore særs viktig, og han har hatt mykje å seia for sjølvkjensla og livsvilkåra til homofile. Men vi må ikkje la det liberale slå over i det illiberale. Det er autoritært å krevja at Ropstad som ny barne- og familieminister skal gå i Pride-toget, eller i det heile å krevja at nokon som helst skal gå i eit demonstrasjonstog same kva saka måtte gjelda. Det minner om sovjetborgarar som 1. mai måtte ut i gatene og støtta det kommunistiske partiet.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis