Leiar

Remigrasjon og deportasjon

Når krigen i Ukraina er over, vil mange ukrainarar måtta venda heim. Biletet er tatt på grensa til Polen i mars 2022.
Publisert Sist oppdatert

Denne helga er det remigrasjonskonferanse i hovudstaden. Omgrepet «remigrasjon» er nytt i norsk politikk. Etter ordboka tyder remigrere ’å flytte tilbake; vende heim’, altså ei frivillig handling, og dessmeir ei handling som elles ofte – ikkje minst her i Dag og Tid – er oppfatta som både positiv og konstruktiv.

Arrangøren av remigrasjonskonferansen, partiet Norgesdemokratene, nyttar diverre ein annan og vidare definisjon – ein som omfattar tvang. Remigranten er ikkje det handlande subjektet for dei, men eit motvillig objekt som Norgesdemokratene vil bli kvitt. 

«Remigrasjon er en lang rekke juridiske, økonomiske og kulturelle tiltak med ett overordnet formål: å bevare Norges etnokulturelle identitet», heiter det i eit ukritisk intervju med partileiaren på nettstaden iNyheter.

«Deportasjon» lèt såleis til å vera eit meir presist omgrep for politikken til Norgesdemokratane på dette feltet, men det har ein dåm av Botany Bay og Gulag. Berre 34.000 røysta for Norgesdemokratene i førre stortingsval, så noko stort hinder for innvandring og innvandra i Noreg er partiet ikkje. 

Om remigrasjonskonferansen kan endra på det, står att å sjå – med gjester frå europeiske ytre høgre-parti på synfaring i Grønlandsleiret, der blitzarane ventar.

Remigrasjon som idé fortener ein betre lagnad. Å venda heim bør ikkje vera ei straff, men snarare eit høve til å ta med seg gode norske verdiar til eit mindre fritt og demokratisk opphavsland, og attåt ny kunnskap, teknologi og gjerne startkapital frå Noreg. Då er det andre og fleire parti enn Norgesdemokratene som må ta tak i remigrasjonstanken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement