Curt Rice, noverande rektor ved OsloMet – det såkalla Storbyuniversitetet – er tilsett som ny rektor ved den gamle landbrukshøgskulen på Ås, no Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Rice er sikkert ein god leiar, dette går ikkje på han som person, men tilsetjinga er likevel problematisk på fleire måtar.
For det fyrste er han altså tilsett og ikkje vald. Diverre har fleire universitet og høgskular no gått bort frå at rektoren skal veljast av dei tilsette etter ein open valkamp der det kjem tydeleg fram kva dei ulike kandidatane står for. Å gå bort frå denne ordninga er ei svekking av sjølvstyretradisjonen ved universiteta våre, og det står i strid med synet vårt på kva eit universitet skal vera.
I tillegg har styret ved NMBU utelate Rice frå den offentlege søkjarlista. Det er endå eit døme på den stadige uskikken med hemmeleghald ved tilsetjing av folk i viktige offentlege stillingar. Sjå berre på tilsetjinga av den noverande forsvarsministeren Frank-Bakke Jensen som ny fiskeridirektør.
I tilsetjinga av ny rektor ved NMBU har ein altså både kutta den gamle valprosessen, der dei tilsette avgjorde, og halde kandidaten hemmeleg.
Rice har ingen bakgrunn frå dei mange fagmiljøa ved NMBU. Rice er lingvist og har fagleg bakgrunn som forskar på generativ grammatikk og fonologi. Medan Noregs miljø- og biovitskaplege universitet driv med fag som veterinærkunnskap, fornybar energi, kjemi, husdyrlære, folkehelsevitskap, økonomi m.m.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.