Reglar for utanlandske oppkjøp Vi må, etter normaliseringa av tilhøvet til Kina, forventa auke i kinesiske investeringar i Noreg. I august starta regjeringa drøftingar om ein handelsavtale mellom Noreg og Kina.
Vi må, etter normaliseringa av tilhøvet til Kina, forventa auke i kinesiske investeringar i Noreg. I august starta regjeringa drøftingar om ein handelsavtale mellom Noreg og Kina.
Ein slik avtale vil vera viktig for norsk næringsliv. Men ein avtale går begge vegar, og kan ha uheldige sider. Kva forholdsreglar bør vi ta? I forlenginga av ein handelsavtale kjem spørsmålet om kva slags kinesiske oppkjøp og investeringar vi bør tillata.
EU vil no stramma inn regelverket for utanlandske oppkjøp og investeringar. 330 milliardar kroner investerte kinesiske selskap i EU i 2016. Det var ein auke på nesten 80 prosent på eitt år. Samstundes går europeiske investeringar tilbake i Kina.
Noreg er ein stor global investor, og har interesser av eit offensivt regime der investeringar ikkje er underlagde for store restriksjonar. Samstundes er vi eit lite land som vil vera svært sårbart for uheldige oppkjøp.
Dessutan må vi ta inn over oss den storpolitiske situasjonen. For å seia det med EU-kommisjonspresident Jean-Claude Juncker: «Vi er ikkje naive frihandlarar. Europa må alltid forsvare sine strategiske interesser.»
Difor må vi koma opp med klarare reglar for visse typar utanlandske oppkjøp – med eit system for godkjenning av desse oppkjøpa, der ålmenta har tilgang til sakshandsaminga, og med reglar for å kunne anka slike oppkjøp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.