Regionen sjølv må ta ansvar

Publisert Sist oppdatert

I eit år har vi støtta krigføringa mot den såkalla Islamske staten i Irak, rett nok berre med nokre stabsoffiserar, men like fullt er vi ein del av ein krigsallianse. No er spørsmålet om vi òg skal ta del i bombinga av IS i Syria. USA bed om det. Dette er ingen kortvarig operasjon: Krigføringa i Irak og Syria kjem truleg til å vara i årevis.

USA og Vestens politikk og krigføring i Irak har bidrege til at vi har fått IS, ikkje minst gjennom alle våpna som USA har etterlate seg i regionen. Men sjølv om amerikanarane har vore med på å skapa krigen, er dei ikkje dei rette til å få avslutta han. Lite tyder på at den bombinga som USA, Frankrike, Storbritannia og Russland no driv med, vil skapa fred i Syria og Irak.

Noko av Vestens bombing i Syria og Irak kan likevel forsvarast. Som i Kobane i Syria, der vestleg bombing av IS-styrkar gjorde det mogeleg for dei lokale kurdiske styrkane å driva ut av jihadistane.

Men den vestlege bombestrategien er i praksis berre ein strategi for å hindra at IS får større fotfeste. Som USAs tidlegare sjef for den militære etterretnings­tenesta, Michael Flynn, nyleg sa i eit intervju: «Vi kan ikkje vinna denne krigen berre ved hjelp av bombing – vi må på plass med bakkestyrkar.» Men USA kjem ikkje til å gå inn med bakkestyrkar.

Bakkestyrkane som trengst, må koma frå regionen sjølv. Her kan no Russland spela ei viktig rolle om USA legg all prestisje til sides og samarbeider med Russland. Det prekære er ikkje å fjerna Assad-regimet, men å stogga IS.

Landa i regionen må sjølve skjøna at dei må ta eit eigeansvar for å verta kvitt IS. Dei må trass i alle motstridande alliansar, grupperingar og årelange konfliktliner – der land som Tyrkia og Saudi-Arabia har drive ein særs tvilsam IS-strategi – likevel få til ein felles front. Det vestlege engasjement i denne krigen er med på å passivisera landa i regionen i kampen mot IS. Hadde Vesten halde seg unna, ville dei vorte tvinga til å handla sjølve og såleis kanskje fått i stand ein fred.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement