Rause sluttpakker

Publisert Sist oppdatert

Kva må ei vanleg lita privat verksemd gjera når ho nedbemannar? Ein må seia opp folk på klassisk vis. Dei fleste har tre månaders oppseiingstid. Ferdig med det. Det hjelper ikkje om du har arbeidd i verksemda i tretti år. Trist og vanskeleg, men slik er det.

Men ikkje slik i Statoil. Der får du tilbod om rause sluttpakker med løn i to år etter at du sluttar om du har arbeidd i verksemda i 21 år, tolv månaders sluttpakke om du har jobba i seks år. Frå eitt–fem år i Statoil får du ei sluttpakke på ni månader.

Vi har sett denne politikken i andre verksemder òg. Schibsted, NRK og Den norske bank har òg gjev svært gode sluttpakker til sine tilsette. Men Statoil har tradisjon for å vera rausast. Då Statoil og Hydro slo seg saman i 2007, fekk alle over 58 år som slutta 70 prosent av løna fram til dei var 67 år.

Statoils tilbod i dag til dei som er over 58 år og vil slutta, er ikkje mykje dårlegare. 66 prosent av løna kvart år til dei er 67. Ikkje verst når du kan ta med deg løna og gå rett over i ein annan jobb i eit anna selskap.

Statoils sluttpakker, dei tradisjonelt gode løns–?og arbeidsvilkåra i verksemda – og utbytepolitikken der Statoil trass i den låge oljeprisen og halveringa av driftsresultatet frå i fjor i høve til i år – likevel betalar ut 23 milliardar til aksjonærane, vil stå som døme på korleis Noreg har vorte endra under oljealderen. Statoil har bidrege til eit a–?og b-lag i arbeidslivet, pressa opp lønsnivået i mange bransjar og gjort det ulønsamt for mange verksemder å halda fram drifta i Noreg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement