Provoserande avgiftsfritak
Tesla er ein luksus–?og statusbil for folk med mykje pengar. Dagens Næringsliv har i ei god sak fått innsyn i motorvognregisteret over alle som eig ein Tesla, og fortel at den gjennomsnittlege Tesla-eigaren tener meir enn tre gonger så mykje som snittet i Noreg.
Likevel får desse bileigarane fritak for eingongsavgift, lågare årsavgift, momsfritak, fritak frå bompengar, gratis ferjer, gratis parkering på offentleg parkeringsplass, redusert firmabilskatt, høgare sats for køyregodtgjersle – og ofte gratis ladestraum.
Kvar bil vert i praksis subsidiert med over 500.000 kroner. I tillegg får desse luksusbilane, Teslas Model X går frå null til 100 på knappe 4 sekund og har ein toppfart på 250 km i timen, køyra i kollektivfelta. Det heile er ein rein provokasjon.
Sjølvsagt skal vi ha ein politikk for å få til det grøne skiftet og bruk av meir batteriteknologi, men i denne overgangsfasen må vi avgrensa oss til små, lette og energieffektive bilar som kan kjøpast til ein pris som er overkommeleg for folk flest. Difor bør vi setja eit tak på kor dyr ein bil kan vera for at ein kan få avgiftsreduksjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.