Problematisk skuleframlegg
Regjeringa vi tillata større fleksibilitet og opna for meir digital heimeopplæring for elevar over tolv år. Dette skal skulane kunna gjera, ikkje fordi det er naudsynt av reine smittevernomsyn, men fordi dei slit med organisering av opplæringa på grunn av stort fråvær blant elevar eller lærarar.
Framlegget frå regjeringa er høgst problematisk. Det vil i visse situasjonar med langvarig smittepress vera trong for meir heimeskule for å avlasta arbeidspresset for lærarar. Men no gjeld det å halda elevane mest mogeleg på skulen så sant det er forsvarleg med tanke på smittevern. Dette vil ikkje minst tene dei svake elevane og elevar som har vanskelege butilhøve. Difor må regjering leggja opp til at skulane gjer alt for å oppretthalda skuleundervisinga og ikkje laga smotthol som slakkar på denne målsetjinga.
Som Skuleleiarforbundet, som rett nok er positivt til framlegget frå Regjeringa, skriv i høyringssvaret sitt, treng elevane no meir enn nokon gong gode skulekvardagar og sosial utvikling – og dette må skje på skulen.
Dessutan må ein leggja vekt på høyringssvaret frå Folkehelseinstituttet, som ikkje vil utvida bruken av digital heimeskule, fordi endringane vil underminera det noverande tiltaksregimet i skulen, og fordi framlegget manglar konkrete vilkår – som kan etterprøvast – for når heimeskule kan takast i bruk. Det siste er ei viktig innvending mot framlegget.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.