Prinsipielt rosverdig av Raudt
Budsjettsprekken for utbygginga av reservevassforsyninga i Oslo er i dag på 5,2 milliardar. Det er ein kostnadsauke på 40 prosent. Storleiken på overskridingane, og at overskridingane, som i ulike storleikar har vore kjende sidan like før jul i fjor, ikkje vart informerte om til bystyret før 20. mai i år, gjer saka svært alvorleg.
Ei oversikt VG har laga, syner at miljøbyråd Lan Marie Berg vart informert minst fem gonger om auka kostnader knytte til prosjektet, utan at ho informerte bystyret.
Sidan dette var ei stor og vanskeleg utbygging, var bystyret tydeleg på at det heilt frå byrjinga skulle verta informert dersom prosjektet møtte særlege utfordringar. For det er bystyret, og ikkje byrådet, som til slutt står som ansvarleg for kostnadene og gjennomføringa av utbygginga.
Denne informasjonsplikta har ikkje Lan Marie Berg oppfylt. Det kan ikkje eit bystyre godta. Det vert difor urettvist av Rasmus Hansson i Oslo MDG å hevda til VG at «kjøret mot Lan Marie Berg handler lite om parlamentarisk kontroll av makten, og mye om å ydmyke en politisk rival».
Mistillitsframlegget måtte koma, og partiet Raudt skal ha ros for at dei har handtert denne saka ryddig når det vart klart at dei kom til å avgjera om det vart mistillit eller ei. Her har Raudt lagt bort strategiske og partipolitiske omsyn og gjort det dei meinte var prinsipielt rett.
Det same kan ein ikkje seia om Arbeidarpartiet og byrådsleiar Raymond Johansen. Her synest det som om Arbeidarpartiet har lagt mest vekt på politisk taktikk – for å kunna sikra eit framtidig samarbeid med MDG.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.