Ein samrøystes finanskomité på Stortinget gav eit tydeleg svar i spørsmålet om tilsetjinga av den nye oljefondsjefen. Saka har synt at norsk politikk på sitt beste er av det gode for banken og fondet.
Men finansministeren burde ha kome med same svar frå fyrste stund: At ein sjef for Oljefondet ikkje kan ha eigarskap eller interesser som skapar, eller kan tenkjast å skapa, interessekonfliktar som kan svekkja tilliten og omdømet til Oljefondet og Noregs Bank. Sjefen for fondet kan heller ikkje ha eigarskap eller interesser som svekkjer eller kan svekkja arbeidet som Oljefondet skal gjera for å sikra innsyn om skatt.
Dette har for dei fleste av oss vore sjølvsagt frå starten av, men det var det altså ikkje for korkje styret eller styreleiaren i sentralbanken. At dei ikkje skjøna dette, er oppsiktsvekkjande.
Vi må kunne venta at styremedlemene i landets sentralbank, utnemnd av regjeringa, har politisk røynsle og gangsyn nok til å skjøna at ein sjef for Oljefondet må ha full tillit i opinionen. Då kan ein ikkje tilsetja ein som sit med store penger i eit hedgefond som opererer via såkalla skatteparadis.
Før var mange av dei eksterne medlemene i styret til Noregs Bank tidlegare politikarar. I dag er styret prega av medlemer med lite politisk røynsle. Dei er sikkert fagleg flinke alle fem, men denne saka har synt at det ikkje er nok. Ein må ta omsyn til opinionen og skjøna kva som er politisk gangbart når ein skal sitja i ein slik viktig posisjon for landet vårt.
No er styret og sentralbanksjefen berga av at Nicolai Tangen overraskande gjekk med på krava til finanskomiteen og valde å selja seg ut av sitt eige selskap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.