Polen og demokratiet

Publisert

Lov og rettferdspartiet fekk rett nok ikkje fleirtal ved valet i Polen denne veka, men vart på nytt det største partiet i Polen og held fram i regjering. Vegen kan altså vera lang og krunglete for mange av dei tidlegare kommunistiske austeuropeiske landa for å få til eit skikkeleg demokratisk styresett.

I alle fall om ein skal nytta Polen som døme. Lov og rettferdspartiet har på klassisk autoritært vis svekt ytringsfridomen gjennom å ta styringa over den statlege kringkastingskanalen, som i dag i praksis er ein propagandakanal for regjeringa, køyrt rettssaker mot politiske opponentar og prøvd å få inn sine eigne folk i rettsapparatet.

I fjor hadde vi ein serie i Dag og Tid av den polsk-amerikanske kvinna Anne Applebaum om nettopp den politiske utviklinga i Polen. Ho hevda at Polen no er eit av dei mest polariserte samfunna i Europa, og skriv om den skarpe splittinga i folket mellom demokratar og dei autoritære og den mistrua og uvenskapen dette fører til langt inn i dei polske familiane. Skal ein tru Applebaum, var striden om EF og EU i Noreg ingenting i høve til dagens polske politiske kvardag.

Kvifor fekk Lov og rettferdspartiet likevel stor støtte ved valet? Av di at her, som ofte elles, trumfar økonomien det meste. Polen har i dag økonomisk framgang og låg arbeidsløyse, og det er innført fleire populære velferdsordningar. Berre frå 2017 til 2018 gjekk BNP per innbyggjar inflasjonsjustert opp frå 145.000 til 153.000 kroner. Polen er i så måte i ferd med å verta eit europeisk mellomklasseland.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement