Pengar er ikkje ressursar

Publisert Sist oppdatert

Den komande regjeringa har rekordmange pengar å nytta, snart passerer Oljefondet 5000 milliardar kroner, og det vert rapportert om stor optimisme, særleg i Frp, som no kan halda handlingsregelen og dimed stå fram som ansvarlege. I år nyttar regjeringa 125 milliardar oljekroner, neste år kan den komande blå-blå regjering faktisk nytta opp mot 75 milliardar meir utan å bryta særleg mange av intensjonane bak handlingsregelen.

Men det er ein falsk fridom og eit falsk handlingsrom. For kva er eigenleg pengar? Jau, pengar er lite anna enn ei bokføringseining, det er eit mål over ressursane i eit samfunn, men pengar er ikkje ressursar i seg sjølv. Ligg ressursane fast og pengemengda aukar, ja, så vert det berre høgre tal i rekneskapsbøkene, men det vert ikkje fleire arbeidarar, og det vert ikkje betre infrastruktur.

Det er ein bodskap og ei innsikt som ser ut til å ha vorte gløymd i Noreg. Under valkampen for fire år sidan sa Martin Kolberg at alle sektorar hadde fått meir peng­ar under den raudgrøne regjeringa, ved denne valkampen sa Jens Stoltenberg at denne regjeringa hadde gjennomført ei rekordsatsing både i samferdsle og helsesektoren. Båe delar er rett om ein talar om pengar, men ingen av delane er rett om ein talar om ressursar. Køane, både på vegane og på sjukehusa, har vorte lengre under den sitjande regjeringa.

Om den komande blå-blå regjeringa skal lukkast i å gje oss betre vegar og betre sjukehustenester og betre skular, er det berre éin ting å gjera: Gløym pengane og tenk ressursar. Vil dei ha fleire til å byggja veg, må dei taka ingeniørar og fagarbeidarar frå oljesektoren, frå jarnbanesektoren, for anleggssektoren, vil dei ha betre sjukehustenester, må dei utdana fleire sjukepleiarar og fleire lækjarar og færre samfunnsvitarar og færre journalistar. Og skal offentleg sektor samla sett vert betre, må dei tilsette der arbeida meir og betre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement