Pedagogikk i skoddeheimen

Publisert Sist oppdatert

«Vi er i gang med å fornye fagene i skolen», seier Utdanningsdirektoratet i ein video på nettsidene sine. Det skal vera visst. Problemet er at arbeidet med dei nye læreplanane i skulen har kome særs skeivt ut med uklare og altfor vidfemnande kompetansemål.

For oss utanfor avgjersleprosessen er det vanskeleg å skjøna kva Utdanningsdirektoratet i det heile vil med fornyinga av faga i skulen. Utgreiingane og rapportane som vedtaka skal gjerast på bakgrunn av, frå dei fyrste offentlege utgreiingane i 2014 til i dag, er i praksis uleselege.

Setning for setning skjønar ein i og for seg kva som står der, men til slutt vert det pedagogiske internspråket så overveldande at ein gjev opp. Det er som å koma inn i ein skoddeheim av ord med setningar som «det er behov for å støtte deres kapasitet og kompetanse i implementeringsprosessen» og «opplæringens verdigrunnlag skal prege dybdelæringsprosesser».

Norsk skule kan ikkje drøftast med eit slikt internspråk. Språket verkar framandgjerande og ekskluderer folk frå å delta i ordskiftet. Det må då kunne gjerast enklare! Det er sikkert mykje å seia om tidlegare læreplanar, men dei kunne iallfall lesast – med konkrete og tydelege setningar og med ord frå alminneleg bruk.

Og det hastar, for Utdanningsdirektoratet legg opp til nye høyringar av læreplanane alt på nyåret. Deretter går det fort, vedtaksprosessen er lagd opp med stramme fristar. Dei endelege læreplanane skal fastsetjast alt hausten 2019.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement