I juni følgde Stortinget framlegget frå regjeringa om å kutte i løyvingane til Nasjonale turistvegar. I innstillinga til Nasjonal transportplan 2018–2029 argumenterte regjeringa med at turistvegprosjektet har vore svært kostnadskrevjande, og ho ville difor halvere talet på tiltak som står att. Vidare seier vedtaket at dei framtidige turistvegprosjekta må ha meir nøkterne arkitektoniske løysingar og materialval.
Nasjonale turistvegar starta i regi av Statens vegvesen i 2005, etter at Stortinget gav klarsignal året før. I åra som har gått, har det vanka internasjonale og nasjonale prisar både for sjølve turistvegprosjektet og for mange av bygningane og utsynsplassane som stort sett norske arkitektfirma har teikna. Utanlandsk presse har vore full av lovord, ikkje minst fordi norske styresmakter har satsa tungt på arkitektur og tilkomst til attraksjonar i utkantstrok. Det har ført til ein ny nisje: arkitekturturisme, der attraksjonane er meir enn stavkyrkjer og røykstover med gras på taket.
Sjølvsagt finst det kritiske røyster og lokalpolitikarar som heller ville ha brukt pengar på nye ferjer, betre vegstandard og gang–?og sykkelvegar enn på påkosta toalett og venterom som er stengde store delar av året. Likevel kan dei ikkje underslå verdiskapinga og knoppskytinga som har kome langs dei nasjonale turistvegane.
Turistgranskinga til Innovasjon Norge syner at turistar la att knapt 40 milliardar kroner i Noreg i sommarsesongen 2016, ein auke på 24 prosent. I høyringsuttalen til Nasjonal transportplan skreiv NHO Reiseliv at den prosentvise veksten i sysselsetjinga for reiselivet i åra 2011–2016 var på 14,2 prosent, og at det globale reiselivet er venta å auke med 66 prosent fram mot 2030.
Når reiseliv skal vere eit satsingsområde, er det merkeleg at Stortinget er viljug til å kutte både i kvalitet og ambisjonar i eit prislønt turistvegprosjekt som snart er i mål, og som har vist seg å vere ein suksess. Ikkje minst er det viktig at alle bygningar og installasjonar langs dei 18 vegstrekningane frå Varanger i nord til Jæren i sør er sikra midlar til drift og vedlikehald i framtida.
Feil i nummereringa
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.