På to hjul i svingen

Publisert

I fjor var sparkesykkelen eit leikety for born, i år er han det føretrekte transportmiddelet for byfolk i hundretusental over heile verda. Me var mange som ikkje såg han koma. Det gjorde nok heller ikkje dei kommunale bysykkelselskapa her i landet som i vår fylte opp stativa med gårsdagens teknologi.

Såleis viser sparkesykkelen ikkje minst kvifor politikarane skal vera varsame med å binda seg til teknologiske master, i dette høvet bysykkelen, for dette ordnar marknaden betre. I staden burde politikarane regulera bruken av tohjulingar av alle slag, for det saknar Noreg i dag ­– som mange syklistar har funne ut.

Der syklistar og fotgjengarar møtest her i landet, finst det nemleg reglar for syklistane, men ikkje for fotgjengarane. Dermed er det duka for konflikt når syklisten er på veg til jobb og ikkje har tid til å forhandla individuelt med alle dei tobeinte (og firbeinte) han møter eller tek att på sin veg, om kven som då skal vika og til kva side.

Til denne miksen kjem no svermar av elsparkesyklistar, som førebels er definerte som syklistar, i opptil 20 kilometer i timen. Å forvisa tohjulingane frå fortauet er éin måte å dempa konflikten på. Det tryggar fotgjengarar og legg risikoen på ryttarane, som ved å leiga sparkesykkel på slike vilkår har akseptert faren ved å ferdast mellom bilar, bussar og trikkar.

At sparkesyklisten kan henda er eit barn utan trafikkopplæring og -erfaring, gjer ei slik løysing problematisk. I så fall må elevane få trafikalt grunnkurs i pensum på barneskulen. At sparkesyklisten òg ofte vil vera ein rusa vaksen, er eit anna problem og må ha ei anna løysing.

På den andre sida: Om både born og vaksne føretrekker elsparkesykkelen til bytransport, treng ein då så mange harde trikkar, bussar og drosjar i sentrum? Kan eldre, rørslehemma og folk med mykje bagasje i staden få tilbod om å leiga trehjulingar?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement