På to hjul i svingen
I fjor var sparkesykkelen eit leikety for born, i år er han det føretrekte transportmiddelet for byfolk i hundretusental over heile verda. Me var mange som ikkje såg han koma. Det gjorde nok heller ikkje dei kommunale bysykkelselskapa her i landet som i vår fylte opp stativa med gårsdagens teknologi.
Såleis viser sparkesykkelen ikkje minst kvifor politikarane skal vera varsame med å binda seg til teknologiske master, i dette høvet bysykkelen, for dette ordnar marknaden betre. I staden burde politikarane regulera bruken av tohjulingar av alle slag, for det saknar Noreg i dag – som mange syklistar har funne ut.
Der syklistar og fotgjengarar møtest her i landet, finst det nemleg reglar for syklistane, men ikkje for fotgjengarane. Dermed er det duka for konflikt når syklisten er på veg til jobb og ikkje har tid til å forhandla individuelt med alle dei tobeinte (og firbeinte) han møter eller tek att på sin veg, om kven som då skal vika og til kva side.
Til denne miksen kjem no svermar av elsparkesyklistar, som førebels er definerte som syklistar, i opptil 20 kilometer i timen. Å forvisa tohjulingane frå fortauet er éin måte å dempa konflikten på. Det tryggar fotgjengarar og legg risikoen på ryttarane, som ved å leiga sparkesykkel på slike vilkår har akseptert faren ved å ferdast mellom bilar, bussar og trikkar.
At sparkesyklisten kan henda er eit barn utan trafikkopplæring og -erfaring, gjer ei slik løysing problematisk. I så fall må elevane få trafikalt grunnkurs i pensum på barneskulen. At sparkesyklisten òg ofte vil vera ein rusa vaksen, er eit anna problem og må ha ei anna løysing.
På den andre sida: Om både born og vaksne føretrekker elsparkesykkelen til bytransport, treng ein då så mange harde trikkar, bussar og drosjar i sentrum? Kan eldre, rørslehemma og folk med mykje bagasje i staden få tilbod om å leiga trehjulingar?
Slike nye perspektiv og tankar om transport kan sparkesykkelen opna for. Å møta han med forbod og fordøming ville vera ein kortsynt og nitrist måte å takla den nye individuelle kollektivtransporten på. Før eller sidan krev han sin eigen samferdslepolitikk, den som trøsykkelen her i landet aldri fekk.
Johan Brox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.