På tide å temja sparkesyklane

Publisert

Det er ikkje vanskeleg å skjøna kvifor elsparke­syklane er så populære. Dei står lett tilgjengelege overalt i byane. Ein brukar ikkje krefter, treng ikkje ha hjelm, elsparkesykkelen går passe fort og treng ikkje låsast slik at han ikkje vert stolen. Ein berre forlèt han der og då og finn ein ny ved neste høve. Bruken er rimeleg òg.

Mange av elsparkesyklane er plasserte ved buss- og trikkestoppar, slik at ein raskt kjem seg vidare dit ein skal. Såleis kan desse sparkesyklane medverke til at fleire tek kollektivtransport. Og elsparkesyklane er populære overalt der dei vert plasserte ut.

Går det an å vera kritisk til eit slikt transportmiddel? Ja. Problemet er at mange køyrer med dei nær sagt overalt og er ein fare for andre trafikantar. Og etter bruk står ofte elsparkesyklane parkerte eller ligg slengde på fortauet og reduserer framkomsten for alle andre som måtte ferdast der. Syklane må vera ei sann plage for blinde og svaksynte.

Noreg merkjer seg ut som eit land med svært få restriksjonar på bruken av elsparkesyklar. Som vi syner i dagens avis, har Paris sett eit tak på 15.000 sparke­syklar for heile byen – og forbod mot å køyra på fortaua. I Oslo reknar ein med å ha 21.000 sparkesyklar til sommaren – med løyve til å ferdast på fortaua.

I Storbritannia har styresmaktene vore svært restriktive. London opnar fyrst no i juni for ei prøveordning, med klare avgrensingar og langt færre syklar enn i Oslo.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement