Rett før månadsskiftet vart hovudstaden råka av eit «grønt sjokk» då Miljøpartiet Dei Grøne på ei meiningsmåling fekk ei oppslutning på 11,3 prosent. Med det ville partiet kome på vippen i bystyret, men kva veg ville det vippe? Dersom dei sju eventuelle representantane slår seg saman med venstresida, vert det maktskifte i Oslo, då Ap, MDG, SV og Raudt tek 33 av dei 59 og Raymond Johansen (Ap) vert leiar.
Men partiet kan også bruke vippeposisjonen til å berge det borgarlege styret. MDG har heile tida insistert på at det er blokkuavhengig. Det oppsiktsvekkjande resultatet avdekte difor reine friarferder i landet. Høgre-byrådsleiar Røsland i Oslo insisterer på at MDG er eit venstreradikalt parti mellom SV og Raudt, men i sju av dei ti største byane frir Høgre til MDG, skriv Klassekampen.
I Trondheim har MDG samarbeidd med ei raudgrøn blokk i mange år, men opnar no for å bryte, skriv avisa, og Høgre står med opne armar. Like eins har det vore i Bergen og andre stader. Oslo-prosenten vart seinare justert litt ned av InFact, men likevel!
At det nye partiet ikkje vil plassere seg på den tradisjonelle høgre–venstre-aksen, har skapt ugreie på dei politiske rekneskapskontora. Samstundes står SV og Raudt i fare for bli parkert på sidelina for godt, om dei ikkje slår seg saman.
I SV har gamle Øystein Djupedal meldt overgang til Ap. Han klagar over den handsaminga dei «moderate» i SV har fått i partiet. Men det raudgrøne valnederlaget har ikkje gjort SV meir radikalt i opposisjon. I Raudt har partiet nyleg lagt fram det dei kallar ei grøn krisepakke der partiet «vil satse på vatn og vindkraft, jernbane og norsk industri for å møte krisa».
Ingen kan vel vere mot det, men kva hjelper det slik stoda er no? Snart kjem parolen: Uansett ståstad, bli grøn du også.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.