Øydelegg for eit atomvåpenfritt Iran

Publisert

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide vil ikkje fordøma USAs drap på den iranske generalen Qasem Soleimani. Ho ber partane «besinne seg» og avgrensar seg til å seia at ho er djupt uroa. Men kven er ikkje det?

Noreg er medlem av Nato og ein nær alliert av USA. Men norske politikarar må likevel kunna vera meir kritiske til USAs politikk enn å be dei «besinne seg». Litt tydelegare må sjølv Nato-landet Noreg kunna vera. President Trump sjølv er i alle fall ikkje atterhalden i sine eigne meldingar til alliansepartnarar i Nato.

Og sjølv republikanske senatorar kjem med tydeleg kritikk av president Trumps handling. Den republikanske senatoren Rand Paul seier til CNN at ikkje eingong naive born trur på at denne typen militære handlingar vil føra Iran tilbake til forhandlingsbordet.

Vi får vona at den norske statsministeren og utanriksministeren er langt meir kritiske i dei direkte tilbakemeldingane til den amerikanske administrasjonen. For det er ikkje slik at det no står ein ein liberal og fredsæl iransk offiser klar til å overta etter Soleimani. Regimet er det same, og den iranske viljen til å finna fredelege løysingar har neppe vorte større.

Sjølv om dei iranske militære reaksjonane til no har vore avgrensa, noko som kan tyda på at leiarane i Iran skjønar at dei ikkje har noko å tena på ei opptrapping av konflikten, er det for tidleg seia om det kjem fleire og meir omfattande hemnaksjonar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement