Øydelegg for eit atomvåpenfritt Iran
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide vil ikkje fordøma USAs drap på den iranske generalen Qasem Soleimani. Ho ber partane «besinne seg» og avgrensar seg til å seia at ho er djupt uroa. Men kven er ikkje det?
Noreg er medlem av Nato og ein nær alliert av USA. Men norske politikarar må likevel kunna vera meir kritiske til USAs politikk enn å be dei «besinne seg». Litt tydelegare må sjølv Nato-landet Noreg kunna vera. President Trump sjølv er i alle fall ikkje atterhalden i sine eigne meldingar til alliansepartnarar i Nato.
Og sjølv republikanske senatorar kjem med tydeleg kritikk av president Trumps handling. Den republikanske senatoren Rand Paul seier til CNN at ikkje eingong naive born trur på at denne typen militære handlingar vil føra Iran tilbake til forhandlingsbordet.
Vi får vona at den norske statsministeren og utanriksministeren er langt meir kritiske i dei direkte tilbakemeldingane til den amerikanske administrasjonen. For det er ikkje slik at det no står ein ein liberal og fredsæl iransk offiser klar til å overta etter Soleimani. Regimet er det same, og den iranske viljen til å finna fredelege løysingar har neppe vorte større.
Sjølv om dei iranske militære reaksjonane til no har vore avgrensa, noko som kan tyda på at leiarane i Iran skjønar at dei ikkje har noko å tena på ei opptrapping av konflikten, er det for tidleg seia om det kjem fleire og meir omfattande hemnaksjonar.
Om målet er å hindra at Iran får atomvåpen, er det amerikanske attentatet i alle høve særs uheldig. Å hindra Iran i å utvikla atomvåpen får ein truleg berre til ved eit regimeskifte, ved ein militær invasjon av landet eller gjennom konkrete forhandlingar. Eit regimeskifte verkar svært usannsynleg. Ein invasjon vil vera katastrofal. Vona er difor forhandlingar, og då er ikkje militæraksjonar vegen å gå.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?