Overivrige vegbyggjarar

Publisert

«Vi skal bygge vei og jernbane i et omfang nasjonen aldri har sett maken til», sa statsminister Jens Stoltenberg då han var på Lysaker stasjon i Bærum i 2008 og lanserte samferdslesatsinga til den raudgrøne regjeringa.

Fire år seinare kom han med nye lovnader: 100 milliardar kroner ekstra til veg og jernbane. «Tidenes løft, og det bygges over hele landet», sa Stoltenberg i 2012.

For Solberg-regjeringa var ikkje hundrevis av milliardar lenger nok. I 2017 ville Erna Solberg og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen nytta 1 billion kroner på veg og jernbane fram til 2029. «Et svært høyt bevilgningsnivå til samferdselssektoren», som det stod i Nasjonal transportplan. Og sjølvsagt var den massive satsinga, i tråd med talen i tida, med på å sikra ei «klimavennlig framtid».

Deretter har nye prosjekt og planar kome på rekkje og rad. Dyrast vert det med ny ferjefri veg frå Kristiansand til Trondheim. Ei tid trudde ein at prosjektet skulle kosta rundt 60 milliardar kroner, no er kalkylane på 350.

Men dei kostar, dei mindre utbyggingane òg. Forsking har synt at kostnadene fort kan auka med 40 prosent frå dei fyrste overslaga i Nasjonal transportplan til det som seinare vert dei reelle kostnadene.

Ein får nærast mistanke om at kostnadene vert underestimerte med vilje. Det gjeld å få sjølve vegutbygginga vedteken, så kan ein heller utvida prosjektet og kostnadene etter kvart. Ein planlegg for ein tofeltsveg, men det endar med fire felt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement