Regjeringa vil reversera den nye ostetollen som vart innførd i januar. Det er uheldig. Grunnen til den ekstra ostetollen er å sikra norsk mjølkeproduksjon.
Utan høg nok toll vil Rema og Rimi kunna produsera dei store mengdene til osteforbruket her i landet – den enkle kvitosten, pizzaosten, osb.
–?i Polen eller andre europeiske lågkostland og henta han heim langt billegare enn det norske bønder har sjanse til å gjera. Det seier seg sjølv kva det vil ha å seia for norsk landbruk.
Vi har diverre eit altfor høgt løns–?og kostnadsnivå i Noreg. Alt er dyrare å produsera her enn på kontinentet. Bilar, vaskemaskiner – og altså mjølk. Slik er det, og slik kjem det til å vera i mange år framover. Då må vi ta eit val. Vi kan flagga ut norsk jordbruk, slik vi har gjort med mykje av industrien, eller vi kan ta eit aktivt val og seia at norsk jordbruk må vi ha.
Så om du er for eller mot ostetollen, kjem an på kor viktig du meiner norsk jordbruk er. Utan eit stort import–?og tollvern er norsk jordbruk ferdig slik vi kjenner det i dag.
Så kan vi fort verta samde om at det er uheldig at jordbruket er avhengig av desse ordningane. Ikkje minst for bøndene sjølve som stadig blir kritiserte for at dei pressar prisane på mat opp, og at ordningane er usolidariske andsynes fattige land.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.