Ost og billeg mat

Publisert Sist oppdatert

At den norske staten skal støtta norsk eksport av Jarlsberg-ost med 133 millionar kroner, er vanskeleg å skjøna. Det er fornuftig å støtta norsk eksport med visse oppstartskostnader og konkret prosjektstøtte, men ei fast støtte år etter år er urimeleg.

Jarlsberg-osten konkurrerer med sveitserosten i den eksklusive ostemarknaden i Europa og USA. Å subsidiera folk i utlandet med stor betalingsevne for at dei skal få seg ein dyr ost litt billegare, kan ikkje vera ei statleg oppgåve.

Dessutan undergrev ordninga den allmenne støtta til norsk landbrukspolitikk. Å subsidiera osteforbruket til middelklassen i USA vert eit for enkelt og openbert argument mot norske bønder og norsk landbrukspolitikk. Og kan ein nytta norsk sjølvforsyning som argument for den norske landbrukspolitikken dersom delar av støtteordningane går til eksport av norske matvarer? Det verkar sjølvmotseiande.

At landbruksminister Sylvi Listhaug frå Framstegspartiet tek tak i denne saka, er berre bra. Problemet er at ho ikkje har til mål å halda oppe eit berekraftig og variert landbruk i dette landet – eit landbruk som òg gjev livskraft til mindre gardsbruk. Ho står tvert imot for ei ytterlegare nedbygging av landbruket.

Vi må hindra at norsk landbruk vert endå meir nedbygd. Då kjem vi ikkje unna eit sterkt importvern for visse landbruks­varer. Og ein må leggja til grunn for landbrukspolitikken at matproduksjon er noko heilt anna enn industriproduksjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement