Opplagsrekord

Publisert Sist oppdatert

For fyrste gong i Dag og Tid-historia er opplaget over 10.000. I 2014 gjekk vi fram 12,5 prosent, 1196, til 10.778. Vi er berre slått av Klassekampen, som har hatt ein jamn flott vekst dei seinaste ti åra.

Og vi trur at framgangen vår vil halda fram. I år passerer vi 11.000. Men skal vi overleva på sikt, må vi godt over 15.000 i opplag. Å laga ei kvalitetsavis kostar peng­ar. Då må vi ha eit større opplag.

Omsetninga vår er no på 23,5 millionar kroner. Mesteparten er abonnementsinntekter. Pressestøtta frå Kulturrådet er på 5,1 millionar. I tillegg får vi ofte prosjektstøtte frå Fritt Ord. Annonseinntektene våre er diverre marginale. Vi må fyrst og fremst satsa på å få opp opplaget og abonnements­inntektene. Dessutan bør pressestøtta aukast. Ho har stått still i to år og har såleis i realiteten gått ned.

Vi vil halda fram med å satsa på papir. Vi er inga nyhendeavis. Kommentarar, kritikkar, reportasjar og bakgrunnsartiklar er som skapte for ei vekeavis på papir. Og det har ingenting med alderen til lesaren å gjera.

Og kva med internett? Vi har ikkje råd til store investeringar, og til no har e-avistilbodet vårt vore dårleg. Men i laupet av året vil vi kunna tilby tingarar eit godt og funksjonelt alternativ både på mobil og skjerm.

Å få ei god vekeavis inn i stova kvar fredag – til knappe 2000 kroner i året – må vera eit privilegium for alle som er interesserte i kultur, samfunn og politikk. Vi må berre syta for at kvaliteten er solid veke etter veke, og at vi fornyar oss. Vert vi føreseielege, er vi ferdige. Dessutan må vi gje rom for mange ulike typar synspunkt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement