Open tilsetjing

Publisert Sist oppdatert

Professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde har skrive om politiseringa av Høgsterett her i Dag og Tid, om korleis Høgsterett på 1900-talet, og særleg etter den andre verdskrigen, vart ein anonym domstol som ikkje utfordra Stortinget – til situasjonen i dag der Dei europeiske menneskerettane og EU-retten, som mogeleg prøvingsgrunnlag ved sida av Grunnlova, har ført til at Høgsterett har avvist fleire stortingsvedtak. Høgsterett har altså vorte meir og meir eit politisk organ.

Når det no skal utnemnast ny høgsterettsjustitiarius, vil det difor vore fornuftig at tilsetjingsprosessen er offentleg, og ikkje slik som no, der rapporten frå utvalet på tre personar, oppnemnt av regjeringa, og som har intervjua og vurdert kompetansen til dei seks aktuelle kandidatane, vert halden hemmeleg. Kvifor offentleggjera? Fordi alle dei seks kandidatane har gode, men ulike kvalitetar. Då er det interessant å vita kva regjeringa har lagt vekt på.

Men burde ikkje heile prosessen vore open? Med ei open høyring i Stortinget der kandidatane må møta opp og svara på kva dei meiner om ulike sentrale retts-politiske spørsmål? Kva meiner kandidatane om strafferettsutmålinga? Strengare straffer – eller ikkje? Kor sterkt skal det internasjonale menneskerettsregimet prega norsk rett? Og så bortetter.

Ei slik høyring vil synleggjera den viktige rolla Høgsterett har, bidra til større offentleg kjennskap til kva den nye justitiarien står for og dessutan gje vedkomande eit tydelegare mandat.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement