Så er endå ein æra over. Kaffistova og Hotell Bondeheimen i Oslo skal byrja med alkoholservering. Og kva så, kan ein spørje. Det skjer jo overalt.
Hotell Bondeheimen og Kaffistova vart starta opp av Bondeungdomslaget i Oslo i 1923 for å gje folk frå bygda ein trygg stad å vera i byen. Ei tid var det heile seks kaffistover berre i Oslo. I dag er Kaffistova i Oslo ei av to kaffistover som er att i landet. Den andre er i Mosjøen.
Kaffistova vart fort den største fråhaldskafeen i Oslo. På det meste var det plass til 400 gjester i det store kafélokalet, og pågangen var så stor at somme kveldar måtte gjestene sleppast inn gruppevis. Og Kaffistova er populær enno. Det veit vi, for staben i Dag og Tid har gått på Kaffistova og ete overtidsmat kvar onsdag kveld i snart 20 år i strekk.
Nokre av argumenta for skiftet har vore å gje eit tilbod til utanlandske gjester og at konkurransen har vorte hardare. Men årsresultatet i 2017 syner ei verksemd som vert driven godt med eit greitt overskot. Så vedtaket kan ikkje ha vore påtrengjande naudsynt.
Kva er så problemet med at også denne kafeen byrjar med alkoholservering? Vel, Kaffistova har vore ein del av norsk motkultur. Det har vore ein annleis stad midt i Oslo. Med reklame og menyar på nynorsk, tradisjonell norsk mat – og altså inga alkoholservering. Det siste går inn i ein lang tradisjon der målsak og fråhaldssak var tett samanvovne: «for atterreising av det norske folkemålet, for edruskap», som det framleis står i vedtektene til BUL.
Og vi treng slike motkulturar. Vi treng alternativ til det gjengse, med ein annleis atmosfære og ein vilje til å tena pengar på ein annan måte enn alle andre. Det treng ikkje ha med nostalgi å gjera, men snarare ynsket om variasjon og særpreg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.