Økologisk matproduksjon

Publisert Sist oppdatert

Riksrevisjonen har påpeika mishøvet mellom den reelle økologiske produksjonen i det norske landbruket og Stortingets mange vedtak om satsing på økologisk landbruk. Målsetjinga har sidan 1999 vore at 15 prosent av matproduksjonen vår skal vera økologisk.

Men resultatet er berre rundt 5 prosent. Som riks­revisor Per-Kristian Foss fortel, kunne staten lett ha auka denne produksjonen ved til dømes å kjøpa inn meir økologisk mat til statens kantiner.

For etterspurnaden må opp, elles vil ikkje bønder satsa økologisk. Etter ei omlegging må ein rekna med å jobba meir og produsera mindre. Då må ein vera overtydd om at økologisk drift er økonomisk forsvarleg – i mange år framover.

Noko av problemet med økologisk landbruk er at krava til denne typen matproduksjon er for strenge og absolutte. Det er berre å lesa rettleiaren til forskrift for produksjon av økologiske landbruksprodukt og næringsmiddel.

Vi kunne vore godt nøgde med ein mellomting der bruken av kunstgjødsel, sprøytemiddel og antibiotika i landbruket vart redusert, der meir av utmarksbeita vart nytta, og ikkje minst med ei større vektlegging på dyrevelferd – særleg for griser og fjørfe.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement