Offerspill og speleoffer

Publisert Sist oppdatert

Mykje kan seiast om det statlege pengespelmonopolet i Noreg, men stortingsfleirtalet har sett det som eit naudsynt tiltak, eller, om ein vil, vonde. Dei reknar vel med at alternativa er verre, at private pengespelaktørar vil oppføra seg som andre langarar og gå over lik for å skaffa seg profitt.

Magnus Carlsen, som ikkje treng nokon vidare presentasjon her i avisa, er usamd med stortingsfleirtalet i denne saka. Han arbeider aktivt for å få oppheva det statlege monopolet for pengespel, og det skal han ha høve til i eit demokratisk land. Men når Carlsen kjøper røystene han treng for å kuppa sjakk-kongressen 7. juli, trør han over ei grense.

Med sin eigen nystarta klubb Offerspill, der han sjølv (får me vona) spanderer kontingenten på dei tusen fyrste medlemene, får Carlsen delegatar nok i kongressen til å ta kontroll over Norges Sjakkforbund og kan signera avtalen med det Malta-baserte pengespelkonsernet Kindred som sikrar sjakkforbundet 10 millionar kroner årleg i fem år.

Sjakkforbundet skal sjølvsagt arbeida for pengane. Ikkje ved å opptre framfor logoane til Unibet, Bohemia Casino, bingo.com, Maria Casino, Storspiller og så bortetter, som me vel er vande med å (over)sjå på TV, men ved å driva lobbyverksemd for Kindred.

Norges Sjakkforbund skal, om Carlsen får det som han vil, fortelja alle som vil høyra på, at Noreg er siste sovjetstaten, at Sverige som den nest siste forlét monopolet ved årsskiftet, at monopolet uansett er sabotert av utanlandske bettingselskap som ingen har kontroll over – mellom dei Kindred sjølv – selskap som heller ikkje skattar til Noreg.

I staden bør også nordmenn, skal Sjakkforbundet få 50 millionar for å seia, ha eit lisenssystem for private aktørar der alle må følgja norske reglar som skal sikra ei sunn fordeling av overskot og skjerma dei spelegalnaste, som til dømes sjølve kan setja seg på ei svarteliste som nektar dei alt norsk pengespel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement