Odins soldatar

Publisert Sist oppdatert

Den høgreekstreme borgarverngruppa «Soldiers of Odin» har fått ein norsk systerorganisasjon i «Odins soldater». Dei fleste har heldigvis teke avstand frå organisasjonen. Dette er noko vi ikkje treng i gatene våre.

Men ikkje alle er like eintydige. Frps justispolitiske talsmann, Jan Arild Ellingsen, meiner at «enhver borger som ønsker å bidra til å redusere utrygghet og redusere kriminalitet, bør få honnør nettopp for det».

Her har Ellingsen misforstått. Det er politiet, og ingen andre, som har ansvaret for tryggleiken til innbyggjarane i ein rettsstat. Og Odins soldater kan ikkje samanliknast med Natteramnane, slik Ellingsen til ein viss grad gjer.

For Odins soldater gjev ikkje «landet økt trygghet». Tvert imot. Å ha svartkledde menn, der ikkje alle eingong vil stå fram offentleg, men står med ryggen til med hettegenserar på bilete og kallar seg «soldiers», skaper uhyggje og assosiasjonar til høgreradikale grupper. Og slike «soldatgrupper» rundt om i landet vil lett tiltrekkja seg personar som har andre intensjonar enn berre «å skape ro og orden».

Borgarvern har vore forbode sidan 1936: «Det er forbudt for andre enn politiet å organisere eller delta i privat virksomhet som har som formål å opprettholde offentlig ro og orden.» Lova kom nettopp av di slike borgarvern kan vera eit trugsmål mot rettsstaten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement