Fyrste band av Barack Obamas presidenterindringar er kome. Boka gjev eit interessant innsyn i Obamas tankar, vurderingar og avgjerder i viktige nasjonale og utanrikspolitiske saker. Som hans ja til Libya-krigen. Det største mistaket hans som president, med katastrofale fylgjer.
Det slår ein kor tilfeldig Libya-vedtaket vart gjort. Det kunne godt ha enda med eit nei til krigen. For USA var tungt involvert i Irak- og Afghanistan-krigane frå før og sleit med verknadene etter finanskrisa.
Dessutan hadde Obama nok av folk rundt seg som var imot. Stabssjefen hans var det. Likeins forsvarsminister Robert Gates og forsvarssjef Mike Mullen. Obama sjølv var òg, ifylgje seg sjølv, skeptisk i byrjinga: «Jeg fant tanken på å føre en ny krig i et land langt borte som ikke hadde noen strategisk betydning for USA, lite forstandig.»
Men han lét seg overtyda av utanriksminister Hillary Clinton, USAs FN-ambassadør Susan Rice og dåverande tryggingsrådgjevar for visepresident Biden, Tony Blinken. Mange spår no at både Rice og Blinken får sentrale roller under komande president Biden.
Blinken stod for den same «krig for demokrati og menneskerettar»-argumentasjonen som mange stortingsrepresentantar kom med. Ifylgje Obama meinte Blinken at vi har «eit ansvar for å støtte kreftene som demonstrerte for demokratiske reformer i Midtøsten».
Obama gjentek den vanlege forteljinga om at det galdt å hindra ein massakre, og skriv at dei nådde målet om å berga «kanskje titusenvis av menneskeliv». Han kjem med lite sjølvkritikk og unnlèt å nemna at trugsmålet mot sivilbefolkinga synest å vera sterkt overdrive – jamfør til dømes granskingsrapporten til det britiske Underhuset.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.