Nyvinning for matprodusentar

Publisert

Her kjem ei rein hylling av eit flott tiltak som er i ferd med å breia om seg: reko-ringen. Om du ikkje alt kjenner til det, merk deg det litt rare namnet, der reko er ei forkorting av rettferdig konsum.

Ein reko-ring er kort fortalt ein distribusjonskanal der lokale matprodusentar kan selja varene sine i nærområdet rett til oss som kundar – utan dei fordyrande mellomledda som dei store matvarekjedene representerer.

Alt går føre seg via Facebook, der produsentane av ost, kjøt, frukt eller kva det skal vera, legg ut annonsar der folk kan tinga varer. Så møter dei ulike produsentane opp på ein fast plass til faste tidspunkt der kundane kjem og hentar og betalar matvarene.

Sal på denne måten, der produsenten får alle pengane sjølv, gjer det mogeleg å få opp omsetjinga og inntektene til lokalprodusentar av mat. I tillegg er dette produsentar som i stor grad legg vekt på god dyrevelferd og omsynet til miljøet.

Nettopp sal og distribusjon av den lokalproduserte maten har vore eit problem. Ein har ikkje nådd ut til mange nok, og ofte har den lokale maten enda opp i ei lita hylle på den store matbutikken nærast som eit alibi for dei store kjedene om at dei tek eit lokalt ansvar.

Med dei nye reko-ringane kan ein no ha von om å oppretthalda og vonleg auka talet på bønder som òg foredlar og sel varene sine sjølve. Slik kan drifta på fleire mindre gardar kanskje overleva trass i strukturrasjonaliseringa som enno pregar det norske landbruket

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement