Vi som er opptekne av klassisk naturvern og vil sikra mest mogeleg urørt natur, står overfor ein ny motstandar: teknologioptimistiske miljøorganisasjonar som spelar på lag med næringslivet.
På same måte som bøndene i dag må kjempa mot miljøorganisasjonar som dei før var på lag med, men som no ser på husdyr på norske fjellbeite som ein klimatrussel, må dei klassiske naturvernarane no kjempa mot miljøorganisasjonar som Zero og deira allierte. Det er nye frontar på gang.
Vi ser det særleg i vindenergidebatten, der Zero, med ei rekkje «partnarar» som Mercedes, Asco, Norcem og SAS, er ein av pådrivarane for ei storstilt utbygging av vindturbinar langs kysten vår. Argumentasjonen er at det ikkje er vindturbinane som trugar norsk natur, men klimaendringane.
Diverre er sjansen stor for at Zero og medspelarane deira får gjennomslag. For klimaargumentet trumfar det meste i dag. Dessutan ser det ikkje ut til at folk flest er viljuge til å bruka mindre energi. Det er lettare å få gjennomslag for fleire vindturbinar enn å få folk til å ta færre flyreiser.
Interesseorganisasjonen for meir vindkraft, Norwea, meiner spørsmålet om vindturbinar i naturen er stygt eller ikkje, «kommer an på øynene som ser», og at fleire og fleire ser på vindturbinane som «et moderne symbol på en bærekraftig utvikling». Norwea har kledeleg illustrert saka si med ei ung kvinne med høyretelefonar som blid og glad joggar mellom vindturbinane ut mot havet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.